lørdag 20. september 2008

Om 10 dagar...

...er det 34 år sidan Øya Fotballklubb blei stifta på Øya i Trondheim
...har Jimmy Carter, Lars Levi Læstadius og Grete Waitz bursdag
...er det 2339 år sidan Aleksander den Store vann slaget om Gaugamela
...reiser eg frå nesten alle eg kjenner
...kjem eg til å vere VELDIG nervøs...og sannsynlegvis veldig trist
...er eg endeleg begynt på det eg har drøymt om leeeeenge!!!

No har det til og med begynt å gå litt opp for meg at eg skal reise! Og det var kanskje litt på tide, sidan eg om fem dagar pakkar og vaskar ned rommet mitt på Hald, og reiser heim for å pakke for eit halvt år i Thailand. Så skal eg til tannlegen, og så tek eg kofferten min, med 2o kg, mesteparten pensumbøker, og reiser til Bangkok. Som om det skulle vere heilt daglegdags. Ein liten tur til Bangkok, joda, det må eg prøve... Eg kjenner eg blir smånervøs berre av å skrive det! Men med Gud på laget, og ikkje minst Silje, skal nok dette bli eit fantastisk år! Yes, eg gler meg!

Og her er nokre bilete frå Thailand (som eg fann på google..):










mandag 8. september 2008

Loved..



Ein video som nokre av elevane på Bibelskulen eg gjekk på ifjor, laga.