lørdag 29. november 2008

Bryllaup!

Det er laurdag kveld. Eg sit i leiligheten. Framfor dataen. Klokka er snart ni, og eg sit her og skal fortelje om bryllaupet eg har vore i i kveld. Det høyres kanskje litt rart ut at eg allereie er komen heim, synest du kanskje. Eg var ikkje sjuk, ingenting gale skjedde, bryllaupet var veldig kjekt, vi hadde folk å vere ilag med, alt var berre fint. Likevel gjekk vi altså heim klokka åtte. No skal eg fortelje historia om bryllaupet til kirsebærpaien.

Eg kan kanskje fyrst fortelje kven det var som gifta seg. Då vi var på Impuls i Mukdahan for ein månad sidan, kom vi i snakk med ei jente som hadde vore Hald-student tidlegare. Jenta heitte Cherry. Vi snakka med henne i ca 15 minutt, og plutseleg var vi inviterte i bryllaupet hennar. 29.november skulle ho nemleg gifte seg med Pae. Cherry + Pae = Cherry Pie (viss ein uttalar Pae "pai", sjølv om det ikkje eigentleg er slik ein skal uttale det) Altså, Cherry og Pae, kirsebærpai. Bra match!

Silje og eg tok på oss kjole, og gjekk den fem minutts lange turen til ELCT. Fyrst var det sjølvsagt viing i kyrkja der. Vi skjønte ikkje så mykje av preika, for den var jo på Thai, naturlegvis. Men Anne Brit, misjonær, tolka til oss, og den handla om at det er viktig i eit ekteskap å kunne be om tilgjeving. Eg tenkte "Ja, det er jo viktig!" Men her i Thailand er det meir enn berre viktig. Mannen er på ein måte "over" kvinna, så det er nedverdigande for ein mann å be kona si om tilgjeving. Difor er det veldig flott at ein prest kan seie at, ja, det skadar ikkje.

Etter viinga var det sjølvsagt fotosession. Så var det litt trommeslåing og roping, medan brudeparet gjekk bort til staden der maten var. Då var mange av gjestane allereie begynt å forsyne seg for andre gong. Vi fann oss nokre kjentfolk, og satte oss ned med dei og åt. Medan vi åt, var det heile tida underhaldning frå scena; song, dans, taler og liknandde. Då vi var ferdige å ete, vart vi sitjande og prate, og fylgje med på det som skjedde på scena. Eg hadde lagt merke til at det heile tida var blitt fleire og fleire tome bord, men eg tenkte at folk berre bevegde seg litt rundt om på området i staden for å sitje i ro heile tida. Då klokka var sju merka eg at folk faktisk reiste heim att. Då var nemleg halvparten av borda tome, og ryddemannskapet var begynt å rydde opp. Vi drygde ei stund til, men klokka åtte var det berre dei nærmaste venene og familien igjen, og brudeparet, sjølvsagt, så då skjønte vi at det var på tide å reise, sidan vi ikkje akkurat var av dei nærmaste til brudeparet.

Sjølv om vi reiste heim så tidleg, var det altså eit veldig kjekt bryllaup! Vi fekk møtt ein del folk vi ikkje har sett på lenge, og det var veldig kjekt! Og vi fekk sjå vår ven Ink frå Hald, på video frå Noreg. Med hue på hovudet og Thailandsk flagg i bakgrunnen.

Her kjem nokre bilete:




















Her var det fest!

























Det nydelege paret!




















Her er det litt Afrika-stemning, med roping og bongo-tromming for brudeparet.





























Silje og Mon, to herlege jenter :)

























Silje og meg, to fornøgde jenter!

lørdag 22. november 2008

Å, glede!

Eg brukar ikkje vanlegvis det uttrykket, men det passa så godt akkurat her.
For eg har nemleg begynt å like ein ting eg aldri trudde eg kom til å like: å vere lærar!

Ein av grunnane til at eg ville til Thailand med Hald, og ikkje til noko anna land, var at eg trudde at her slapp eg å vere lærar meir enn ein time i veka. Då det plutseleg viste seg at eg skulle vere engelsk-lærar fire timar i veka, fekk eg litt sjokk, og var ikkje akkurat så veldig klar for det.

Men så kom dagen, då, då eg skulle begynne min lærar-karriere. Eg skulle ha ei klasse på ungar mellom 8 og 10 år. Inn i klasserommet kom det fire gutar. Alle fire var som alle andre gutar på den aldren, ville heller rope og leike enn å sitje i ro og svare fint. Eg begynte enkelt, med å lære dei tal og fargar. Dei ropte i vei: «blue!!!», «nine!!!», «green!!!», «two!!!» og så vidare. Etter timen var eg eigentleg litt letta over at den var ferdig.

Men seinare på ettermiddagen skjedde det store. Silje fortalte meg at den eine eleven eg hadde hatt, hadde peika på noko blått i fellesrommet, og sagt «blue». DÅ skjedde det. Akkurat då skjønte eg at eg faktisk gjorde noko som kunne vere til hjelp. Å sitje på eit lite rom og halde opp raude, rosa og gule lappar kjentes ikkje akkurat som verdas viktigaste jobb. Men det hjelper jo! Dei som kan engelsk, kan mykje lettare få seg jobb i Thailand, og difor er det viktig for dei i slummen å lære seg engelsk. Det som Silje og eg gjer nokre timar i veka, kan faktisk vere med på å hjelpe nokon ut av slummen! Og det er motivasjon nok for meg!

torsdag 20. november 2008

Wow!

Eg veit ikkje korleis eg skal skrive dette. Okei, eg gjer det enkelt: Eg ELSKAR jobben min!

Eg hadde jo rekna med at jobben kom til å bli gjevande og spennande, men at det skulle bli SÅ bra, hadde eg ikkje turt å håpa på! No har eg jobba i to veker, og eg har allereie begynt å grue meg til å reise herfrå! Litt feil fokus, kanskje. Men eg er allereie blitt så glad i borna og jentene, at tanken på at eg om berre 4 månadar skal reise herfrå, og kanskje aldri meir kome tilbake, er til å grine av.

Joda, så eg har det fint!


Bilete frå Home of Grace:



















Her er babyen på Home of Grace som eg tråkka over for ei stund sidan. Eg har ikkje gjort det fleire gongar, heldigvis!



























Slik sit jentene og syr nesten heile dagane.






















Eg lærte faktisk nokre av jentene på Home of Grace å spele Idiot. På Thai! Men det vart ein del kroppspråk og peiking, òg, for å seie det sånn!

tirsdag 11. november 2008

Dagane mine frå no av

No skal eg gå frå denne kvardagen:























til denne kvardagen:
Måndag: Home of Grace heile dagen og natta
Tysdag: Ettermiddagsaktivitetar (på Home of Praise)
Onsdag: Immanuel Daghjem om formiddagen og ettermiddagsaktivitetane seinare på dagen Torsdag: Immanuel Daghjem om formiddagen og ettermiddagsaktivitetane seinare på dagen Fredag: Studiedag
Laurdag: Undervise i engelsk på Immanuel Daghjem
Søndag: Gå i kyrkja, men elles ingenting

På ettermiddagsaktivitetane kjem det born frå ca 6-12 år. Dei får tilbod om å spele fotball, spele bordtennis, lære engelsk, lære data, spele bingo, lære å spele fiolin, og ellers leike med duplo, lego, dukker, kjøkenkrok og liknande ting. Her skal eg hjelpe til, og passe på at borna har det bra, og vere der for dei.

Dette blir bra!

fredag 7. november 2008

Kjekke bilete

Her er nokre bilete, som de ser..


















Dette er tre kule thai-folk vi har blitt kjent med. Neen, heilt til venstre, var "guiden" vår i tre dagar, og viste oss mykje forskjellig i Bangkok. I midten er Tingeling, som eigentleg heiter Thung Thung, eller noko sånt, men vi klarte ikkje å seie namnet hans, så det vart til Tingeling. Til høgre er det Sheri. Alle tre har gått på Hald før. Herlege folk, altså! Det som Neen gjer på biletet, er forresten superkult å gjere på bilete.




















Her er ein sko som sannsynlegvis er den kulaste skoen i verda å ha på seg på bilete..





















Her har Silje handla på Tesco. Igjen! :)


























Og her er ein kjempegod team-mate med ein kjempegod beste dessert! Bra match.




















På Tesco Express i soien (gata vår) fann vi plutseleg Marie-kjeks!



























I Hua Hin fann vi Aftenposten, på norsk!


























Vi lever farleg her! I gata utanfor såg vi ein slange midt i vegen. Den var kanskje ikkje så stor, og då vi såg den, var den ikkje akkurat så veldig aggressiv. Då vi gjekk forbi den nokre timar seinare, var den tørka i hjel av sola.





















Hello Kitty er stort i Thailand, og er overalt, til og med på bilar..




onsdag 5. november 2008

Ein spesiell tur på stranda

For meg som har budd heile livet rett ved sjøen, er ein badetur noko ganske normalt. For borna i Klongtoey-slummen er det ikkje akkurat det. Tysdag for to veker sidan fekk Hanne, Cecilie, Silje og eg vere med borna frå ettermiddagsaktivitetane på stranda. For nokre av borna var det fyrste gong i sitt liv at dei var ved sjøen. Då vi etter ein lang busstur, kom fram til stranda, såg eg at mange av borna vart heilt fascinerte, og berre ville springe ut og kjenne på bylgjene med ein gong. Men "dessverre" hadde presten som leia turen planlagt nokre leikar på land før badinga kunne starte. Etter litt sugerørblåsing og andre leikar, fekk borna bade. Vi bada ilag med dei, og det var morosamt å sjå kor stor glede dei hadde av det! Då vi var ferdige etter ca 2 timar, var det nokre av borna som begynte å gråte, dei ville ikkje reise derfrå. Kven veit om dei får prøve det igjen nokon gong?

Noko av det eg hugsar best frå turen, var eit smil ein gut ga meg på veg heim att. Han sat i eit bussete åleine, i altfor små klede, med ein jordbæryoughurt i handa, noko han garantert aldri får heime, og plutseleg smilte han til meg, eit ekte, godt og lukkeleg smil! Eg vart heilt rørt.

























































































































På veg heim: Sjølv om eg ikkje er tankelesar, tippar eg at denne guten vil tilbake til sjøen. Han var kjempelei seg då vi skulle reise.

Norsk aften




Ein heilt vanleg kveld samla Mari, Silje og eg i saman all norsk og nesten-norsk mat vi hadde, og lagde til dette måltidet. Skulle nesten tru vi var tilbake i Norge, og regnet fossa ned utanfor, men ute skein sola, og inne sat vi og åt brødskive med makrell i tomat. På menyen stod det: kakao med krem, wasa knekkebrød, smør, nesten grovt brød, jus, syltetøy,mjølk, banan, te, nugatti og makrell i tomat. Alt utanom dei to siste tinga har vi funne her i Thailand! Så sat vi der og koste oss, medan Kaptein Sabeltann song i bakgrunnen. No må du forresten ikkje tru at vi er blitt lei thai-mat allereie! Det er berre det at av og til er det litt godt med mat som vi veit kva er for noko..

Impuls 17.-19.oktober

Jada, Thailand har det meste, no til og med ein norsk, kristen festival! Eit Impuls-team kom til Mukdahan, ein by i nordaust-Thailand, for å lage til leir for thailandsk ungdom. Ca 250 ungdomar kom, og det vart ei kjempeoppleving!

Vi var med på leiren for å ha ansvar for leiarkafèen, i tillegg til at Cecilie song (med Kristian på gitar) ein nydeleg song: "Do they see Jesus in me?" (Eg hadde songen på hjerna ca ei veke etterpå.)

Eg fekk òg smakt den sterkaste maten eg nokongong har smakt! Vi fekk servert gryterett og ris, og det var veldig godt. Men så hadde eg plutseleg svelgt ein chili, som eg trudde var paprika. Då var det berre å få i seg alt vatnet eg kunne finne, og likevel brann halsen i eit kvarter etterpå.

Det som eg synest var noko av det kjekkaste heile helga, var aktivitetane på laurdagen. Eigentleg var dei meint berre for deltakarane, men eg tenkte at det kunne vere ei fin anledning til å bli litt kjent med ungdommane, så eg fekk med meg Silje. Vi hoppa inn på den allereie stappfulle bussen. Eg måtte sitje heilt fremst, tett inntil buss-sjåføren, medan heldige Silje fekk sitje ilag med litt yngre folk lenger bak. Då vi kom fram, vart vi delte inn i lag, og Silje og eg fekk vere på lag med ei som kunne engelsk, slik at ho kunne oversetje til oss. Aktivitetane var å leite etter egg som var gravde ned i elva, mimeleiken, hugse Bibelvers, og å sminke kvarandre med bind for augene, og mange fleire. Kjempemorosamt å vere med på! Sjølv om vi ofte sat og lurte på kva vi eigentleg skulle gjere. Jaja, slik er det å vere utlending..

Eg merka kor dumt det er å ikkje kunne thai her, når nesten ingen kan engelsk. Det einaste vi kunne på thai på Impuls var: "Kva heiter du?", og utanom det kunne vi imponere med: "Kor mange viskelær har du heime?" Det vart ikkje så mange samtaler på thai, for å seie det sånn. Vi vart litt kjent med ei ung dame som var språklærar i Mudahan, og kunne engelsk. Seinare den kvelden vart ho frelst. Er ikkje sånt fantastisk?! Ho hadde vore søkande ganske lenge, og på Impuls skjedde det. Det er så stort å oppleve sånt! Det var 24 ungdomar til som vart frelst, heilt fantastisk! Gud er stor, det fekk vi erfare på Impuls!



























Vi fekk til og med litt Afrika-følelse, med denne "bygningen" utanfor gymsalen der vi var.






















Nesten heilt som på leir i Norge..






















Det vart livat av og til...




















Songane vart både sunge og teksta på både thai og engelsk.

tirsdag 4. november 2008

Mari!

Her er Mari, frå ein plass utanfor Kristiansand. Ho er eittåring med NMS, og Silje og eg får bu ilag med henne. Det likar vi!