mandag 19. januar 2009

Infield

Infield, altså. Akkurat det eg trengte! Herlege dagar i Laos med HERLEGE folk, avslapping, undervisning, litt action, nydelege fjell, norsk sjokolade, bading i ei grunn elv, frisk luft, grottevandring, fjelltur, elveslengehopping, Bibeltimar på norsk, lovsong om kvelden, tid til å berre vere ilag.. Perfekt!


















Kristin og Cecilie kan vere happy utan happypizza...



















Gjengen på tur



















På FJELLtur, faktisk! :)

























Marianne og Sigrun
























Cecilie og Hanne, Team Mukdahan!

























Fjellet vi skulle opp på...



















Sigrun og meg
























Øystein, over, og Agnar, under: Dei to Hald-lærarane som hadde laga til denne herlege veka!


















































Nesten som å vere i Norge igjen!


Tusen millionar takk for ei fantastisk veke!

torsdag 1. januar 2009

Jula kom visst til Thailand òg!

Sånn, no er faktisk jula over, og det har gått heilt fint! Det har vore nokre herlege dagar, med mykje kos og avslapping. Julafta feira vi hjå Anne-Brit og Arne, ein misjonærfamilie. Dei hadde laga til ei skikkeleg norsk julafta! Stikkord:

  • Kalkun, poteter og waldorf-salat til julemiddag. Eg åt så eg nesten ikkje klarte å bevege meg etterpå.
  • Vi gjekk/vagga (eg, altså)/sprang rundt juletreet.
  • Alle vart fornøgde med julegåvene sine :)
  • Masse mandarin-eting!
  • Fem ungar = mykje action!
  • Herlege folk!

Bilete:
























På julgudstjänst! Då vi kom inn i kyrkja, fekk vi heilt sjokk, for plutseleg gjekk det opp for oss at alle rundt oss skjønte kva vi sa. Ganske uvanleg for oss!


























Thanan, den eine guten til misjonær Anne.




















Anne og familien var saman med oss og feira jul.

























Jenny, Anne-Brit og Arne si datter.




















Chalom var så heldig at han fekk tog til jul.

























Signe var julenisse, og ga gåver til alle som hadde vore snille. Heldigvis hadde alle vore snille :)




















Arne fekk kjøkkenmaskin, så no blir det snart kjøtkaker.

























Gabriel likte heldigvis godt gåva han fekk frå oss.

























Anne-Brit las jule-evangeliet.

Det var altså ein herleg dag og kveld og natt! Tusen, tusen takk til Anne-Brit og Arne, og alle andre som gjorde det til ein så bra kveld, utan noko særleg heimlengsel ;)

tirsdag 23. desember 2008

God jul!



















Okei, så er det jul. Leiligheten er ferdig vaska, eg har sett ein julefilm, og eg har blogga dei 12 innlegga eg ikkje har hatt tid til tidlegare. Silje er på ferie saman med familien som kom på besøk, medan Mari og eg skal feire jul her i Bangkok. Imorgon skal vi vere hjå Anne-Brit og Arne, ein norsk misjonær-familie her og feire norsk julafta, det gler eg meg veldig til! 2.juledag skal vi feire Thai-jul ilag med Anne og mannen hennar! Det blir òg veldig spennande! Utanom det skal eg slappe av. Det blir deilig! Men så gler eg meg til å kome tilbake på jobb òg, om tre veker! :)

Sånn, no er det éin time til 24.desember, og eg har framleis ikkje fått den julestemninga eg skreiv så mykje om. Men så er jo faktisk ikkje det det viktigaste! Jesus vart fødd for oss uansett, og Han lever i dag uansett! Kvifor skal eg då stresse?

Ha ei velsigna jul!

Til badeland med borna!

Rett etter julefesten i kyrkja, var det ny "fest" for borna. Ellen Sofie, ei som var misjonær her for to år sidan, var på besøk, og ville gjere noko kjekt for ungane. Så ho tok med seg mange av borna til badeland. Mari og eg var med som medhjelparar. Dei fleste borna koste seg, men nokon fraus dessverre veldig, og orka ikkje bade. Men uansett verka det som dei hadde hatt ein flott dag!



















Gira!















































































Badeparken låg inne på eit veldig eksklusivt kjøpesenter. Var veldig rart å gå der ilag med born frå slummen. Dei er ikkje akkurat vande til slike juletre..

Julefeiring i kyrkja

Søndag var det jul her. Eller rettare sagt, så feira vi julefest i Immanuel-kyrkja. Det minte litt om norske julefestar slik eg er vant til det, så julestemninga var ikkje så altfor langt vekke. Vi song julesongar, prest Adjaan Ant preika, det var dramatisering av jule-evangeliet, og på slutten åt vi sjølvsagt ilag. Eg koste meg, og eg såg at det gjorde alle andre òg! :)



















Nokre jenter dansa Thai-dans til ære for Jesus.





















Julespel :) Lærarane på Immanuelhjemmet var skodespelarar, medan nokre born var sauer...

























Mari og ei lita jente vi kjenner.


























"Jeg liker Nugatti. Det er veldig kjempegodt! Steikje godt!" (Joke fekk Nugatti i julegåve frå Silje, Mari og meg.)

Siste dag i barnehagen på tre veker!

Torsdag var siste dag i barnehagen før jul. Ungane hadde pynta seg, og hadde med seg lass med godteri. På samlinga oppe i "salen", som dei har kvar dag, viste dei fram mykje av programmet dei hadde hatt på julefesten. Den eldste klassa dramatiserte jule-evangeliet. Ein av gutane i den klassa hadde på seg julenissedrakt, og det var tilfeldigvis han som hadde rolla som Josef. Så no har eg sett julenissen som Josef :)

Eg hadde kjøpt gåver til dei i klassa mi, nissehuer :) Det synest dei var veldig stas, og hadde mykje moro med dei. Eg fekk verdas nydelegaste julekort, der alle borna hadde sett sitt fingeravtrykk på, med eit smilefjes inni. Huff, no blir det trist å ikkje sjå borna att på tre heile veker!






























































































Her er gjengen! Eg er ho høge.




















Det nydelege julekortet!

AA-fest!

Fredag var det endeleg tid for fest for AA. Fyrst kom det mange born, og etter kvart kom det veldig mange born! Adjaan Ant, presten i Immanuel-kyrkja, hadde det meste av programmet, medan Silje og eg arrangerte leikar. Etterpå fekk alle borna gåver og mat. Ungane koste seg, og det var herleg å sjå!




















Denne leiken var ungane kjempegira på!





















Her var det om å gjere å ete opp appelsina så fort som mogleg.







































Gåveutdeling var stas!




















To glade og fornøgde jenter!

Ein herleg kveld!

Ein dag etter jobb begynte Mari, Silje og eg å snakke om at vi hadde veldig lyst til å bli betre kjent med ungdommane i Immanuel-kyrkja. Vi fann ut at vi skulle invitere dei heim til oss, og kjøpe inn tre tonn med pizza og godteri og brus, så det gjorde vi. Det vart ein utruleg kjekk kveld, og eg håpar det ikkje lenge til neste "fest".

Julefest for Immanuel Daghjem!

Laurdag for nesten to veker sidan var det Immanuel Daghjem sin julefest. Alle ungane enten dansa, song eller hadde skodespel. Ungane hadde pynta seg skikkeleg, og det vart ein kjekk fest.









































Her er nokre av borna i klassa mi. Det ser i alle fall ut som dei har det kjekt! :)



































































Nokre av dei tøffe gutane i klassa mi :)



















































Plutseleg fann vi ut at denne klovnen ikkje var ein skikkeleg klovn, men systera til Ink! ! Morosamt! Ho var leigt inn som klovn :)

mandag 22. desember 2008

Julefest på Home of Grace

Fredag kveld for ei og ei halv veke sidan var det julefest på Home of Grace. Her er bilete:




















Fyrst var det program. Jentene skulle fram og synge, og ville ha hjelp av oss. Vi trudde vi skulle synge dei engelske songane vi hadde lært dei, "Jingle bells" og "We wish you a merry Christmas", men endte opp med å stå på scena og syngje/mime Thai-julesong.


























Ein japansk misjonær hadde andakt. Etter møtet kom han bort til oss og sa "Jeg tror ikke jeg har hilst på dere!" Altså, på norsk! Vi fekk heilt sjokk, og begynte berre å le. Når vi klarte å snakke att, fortalte han at han hadde gått på Bibelskulen i Grimstad, same skulen som eg gjekk på ifjor! For 22 år sidan! Han snakka framleis norsk flytande. Veldig overraskande, og utruleg morosamt!



















Etter festen var det gåveutdeling mellom oss som jobbar der og jentene. Alle hadde kjøpt inn ei gåve til ca 100 Baht, og så trakk vi. Var veldig kjekt for jentene! Og for oss!




















Alle arbeidarane ilag med både dei jentene som er der no, og nokon som var der tidlegare. (Og Mari :)