søndag 22. mars 2009

Her kjem eg frå:












































Desse borna kjem herfrå:
















fredag 6. mars 2009

Ein vanleg dag i barnehagen

Her er nokre bilete frå ein vanleg dag i Immanuel Daghjem.



















Noko av det fyrste som skjer er samling for alle klassene, det vil seie tre andre klasser enn mine. Då er det litt synging og flaggheising, og så undervisning, til dømes om at ein ikkje skal leike med vatn når ein pussar tennene, eller slå andre.












































Nesten kvar dag er det fargeleggjing i fargebøker. Då ligg alle borna utover heile golvet, ivrig opptekne med farginga.



















Gode vener.



























Onsdag er utedag, det vil seie 30 minutt på leikeplassen på taket. Her kan dei leike med ulike leikeapparat. Ungane er kjempeglade for å få kunne leike her, på ein trygg leikeplass og ilag med venene sine.



































































Plutseleg vil ALLE leike med det same, og då kan det bli litt styr..






















































Så er det lunsjtid. Borna får mat eit sunt og godt måltid kvar dag, kanskje det einaste skikkelege måltidet for nokon.





















Etter lunsj skal alle sove. Før det er litt kosestund, med høgtlesing frå bok, og bøn. Så legg alle seg til å sove søtt. Og eg går heim frå jobb, med eit smil om munnen. Og det er faktisk ikkje noko eg skriv fordi det høyres fint ut.

fredag 13. februar 2009

Den "farlege" slummen

Forrige helg var vi på tur ilag med to venninner, Aor og Boki, som vi kjenner frå Santitum Church. Vi var på ei øy litt utanfor Bangkok, på marknad, tok båttur oppover ein kanal, smakte heimelaga Thai-dessert, og var litt turistar, rett og slett. På veg heim fortalde vi frå jobben vår i Klong Toey-slummen, kva vi jobba med og korleis det var. Aor og Boki synest det høyres skikkeleg farleg ut, for alle i Thailand trur nemleg at det er farleg å i det heile tatt vere i slummen. Sjølvsagt skal ein ikkje gå der åleine etter at det er mørkt, men no har vi jobba i slummen i tre månader, og har aldri opplevd noko farleg. For å forandre på desse øydeleggjande førestellingane venninnene våre hadde, bestemte vi oss for å ta dei med på ein tur innom slummen. I byrjinga var dei kjempenervøse, men då vi kom inn i slummen, møtte vi med ein gong ein gjeng born vi kjenner frå AA. Det tok ikkje lang tid før Boki og Aor byrja å slappe av, og til og med lyfta på borna, dei òg! Då vi gjekk frå slummen sa dei begge to at dei hadde fått ei heilt nytt bilete av slummen. Boki, som er lærar på ein vidaregåande skule, sa til og med at ho skal fortelje om dette til alle elevane sine!




















To herlege jenter som vi kjenner godt. Ikkje akkurat så veldig skumle..


























Borna i slummen er born som alle andre!

torsdag 5. februar 2009

Glede!

Borna i slummen kan ikkje mykje engelsk. Heldigvis er det ikkje berre stygge ord dei kan:

torsdag 29. januar 2009

Hyen Bangkok not same same

Bangkok: 10 millionar menneske. Eksos. Støy. Varmt. Kaos.

Hyen: 600 menneske. Frisk luft. Natur. Ro.

Eg er ikkje akkurat verdas mest urbane menneske. Etter no å ha hosta i 2 månader, fann eg ut at eg kanskje måtte gjere noko drastisk for å få slutt på det. Så eg begynte med munnbind. Det er mange i Bangkok som brukar det, men det er mest buss-sjåførar, veg-arbeidarar, motorsykkel-taxi-sjåførar, og så meg. Men det går fint.. Og heldigvis hjelper det, det er slutt på hosten. Munnbind = bra!



















Meg på veg til jobb. Kult eller kva? :)

Så viss du er i Bangkok og skal prøve å finne meg, er det berre å sjå etter utlendingen med munnbind. :)

mandag 19. januar 2009

Infield

Infield, altså. Akkurat det eg trengte! Herlege dagar i Laos med HERLEGE folk, avslapping, undervisning, litt action, nydelege fjell, norsk sjokolade, bading i ei grunn elv, frisk luft, grottevandring, fjelltur, elveslengehopping, Bibeltimar på norsk, lovsong om kvelden, tid til å berre vere ilag.. Perfekt!


















Kristin og Cecilie kan vere happy utan happypizza...



















Gjengen på tur



















På FJELLtur, faktisk! :)

























Marianne og Sigrun
























Cecilie og Hanne, Team Mukdahan!

























Fjellet vi skulle opp på...



















Sigrun og meg
























Øystein, over, og Agnar, under: Dei to Hald-lærarane som hadde laga til denne herlege veka!


















































Nesten som å vere i Norge igjen!


Tusen millionar takk for ei fantastisk veke!

torsdag 1. januar 2009

Jula kom visst til Thailand òg!

Sånn, no er faktisk jula over, og det har gått heilt fint! Det har vore nokre herlege dagar, med mykje kos og avslapping. Julafta feira vi hjå Anne-Brit og Arne, ein misjonærfamilie. Dei hadde laga til ei skikkeleg norsk julafta! Stikkord:

  • Kalkun, poteter og waldorf-salat til julemiddag. Eg åt så eg nesten ikkje klarte å bevege meg etterpå.
  • Vi gjekk/vagga (eg, altså)/sprang rundt juletreet.
  • Alle vart fornøgde med julegåvene sine :)
  • Masse mandarin-eting!
  • Fem ungar = mykje action!
  • Herlege folk!

Bilete:
























På julgudstjänst! Då vi kom inn i kyrkja, fekk vi heilt sjokk, for plutseleg gjekk det opp for oss at alle rundt oss skjønte kva vi sa. Ganske uvanleg for oss!


























Thanan, den eine guten til misjonær Anne.




















Anne og familien var saman med oss og feira jul.

























Jenny, Anne-Brit og Arne si datter.




















Chalom var så heldig at han fekk tog til jul.

























Signe var julenisse, og ga gåver til alle som hadde vore snille. Heldigvis hadde alle vore snille :)




















Arne fekk kjøkkenmaskin, så no blir det snart kjøtkaker.

























Gabriel likte heldigvis godt gåva han fekk frå oss.

























Anne-Brit las jule-evangeliet.

Det var altså ein herleg dag og kveld og natt! Tusen, tusen takk til Anne-Brit og Arne, og alle andre som gjorde det til ein så bra kveld, utan noko særleg heimlengsel ;)

tirsdag 23. desember 2008

God jul!



















Okei, så er det jul. Leiligheten er ferdig vaska, eg har sett ein julefilm, og eg har blogga dei 12 innlegga eg ikkje har hatt tid til tidlegare. Silje er på ferie saman med familien som kom på besøk, medan Mari og eg skal feire jul her i Bangkok. Imorgon skal vi vere hjå Anne-Brit og Arne, ein norsk misjonær-familie her og feire norsk julafta, det gler eg meg veldig til! 2.juledag skal vi feire Thai-jul ilag med Anne og mannen hennar! Det blir òg veldig spennande! Utanom det skal eg slappe av. Det blir deilig! Men så gler eg meg til å kome tilbake på jobb òg, om tre veker! :)

Sånn, no er det éin time til 24.desember, og eg har framleis ikkje fått den julestemninga eg skreiv så mykje om. Men så er jo faktisk ikkje det det viktigaste! Jesus vart fødd for oss uansett, og Han lever i dag uansett! Kvifor skal eg då stresse?

Ha ei velsigna jul!

Til badeland med borna!

Rett etter julefesten i kyrkja, var det ny "fest" for borna. Ellen Sofie, ei som var misjonær her for to år sidan, var på besøk, og ville gjere noko kjekt for ungane. Så ho tok med seg mange av borna til badeland. Mari og eg var med som medhjelparar. Dei fleste borna koste seg, men nokon fraus dessverre veldig, og orka ikkje bade. Men uansett verka det som dei hadde hatt ein flott dag!



















Gira!















































































Badeparken låg inne på eit veldig eksklusivt kjøpesenter. Var veldig rart å gå der ilag med born frå slummen. Dei er ikkje akkurat vande til slike juletre..

Julefeiring i kyrkja

Søndag var det jul her. Eller rettare sagt, så feira vi julefest i Immanuel-kyrkja. Det minte litt om norske julefestar slik eg er vant til det, så julestemninga var ikkje så altfor langt vekke. Vi song julesongar, prest Adjaan Ant preika, det var dramatisering av jule-evangeliet, og på slutten åt vi sjølvsagt ilag. Eg koste meg, og eg såg at det gjorde alle andre òg! :)



















Nokre jenter dansa Thai-dans til ære for Jesus.





















Julespel :) Lærarane på Immanuelhjemmet var skodespelarar, medan nokre born var sauer...

























Mari og ei lita jente vi kjenner.


























"Jeg liker Nugatti. Det er veldig kjempegodt! Steikje godt!" (Joke fekk Nugatti i julegåve frå Silje, Mari og meg.)

Siste dag i barnehagen på tre veker!

Torsdag var siste dag i barnehagen før jul. Ungane hadde pynta seg, og hadde med seg lass med godteri. På samlinga oppe i "salen", som dei har kvar dag, viste dei fram mykje av programmet dei hadde hatt på julefesten. Den eldste klassa dramatiserte jule-evangeliet. Ein av gutane i den klassa hadde på seg julenissedrakt, og det var tilfeldigvis han som hadde rolla som Josef. Så no har eg sett julenissen som Josef :)

Eg hadde kjøpt gåver til dei i klassa mi, nissehuer :) Det synest dei var veldig stas, og hadde mykje moro med dei. Eg fekk verdas nydelegaste julekort, der alle borna hadde sett sitt fingeravtrykk på, med eit smilefjes inni. Huff, no blir det trist å ikkje sjå borna att på tre heile veker!






























































































Her er gjengen! Eg er ho høge.




















Det nydelege julekortet!