tirsdag 26. august 2008


น้ำ
Yes, det er mitt Thai-namn. Vatn, liksom. Det uttalast Naam. Eg veit ikkje heilt kvifor eg heiter akkurat det, men Prem, thai-læremesteren vår, har sikkert ein grunn for å kalle meg det...

Hald, the place to be!

Yes, no har eg endeleg begynt på Hald! Eller, eigentleg har eg allereie vore her i to veker, men det har skjedd så mykje at eg ikkje har hatt tid til å lage blogg før no. Hald er ein herleg plass å vere, og det er eit heilt spesielt miljø her. På skulen er det ca 40 norske studentar og ca 30 studentar frå utlandet. Hald kan ikkje samanliknast med ein folkehøgskule eller ein Bibelskule. Vi kosar oss og har det kjekt og får nye vener, men samtidig møter vi heile verda, her i Norge. Og det er herleg!

Sidan eg er ein liste-person, må eg lage nokre lister for å få oversikt over tida her på Hald:

Nye opplevingar eg har hatt:
Spele volleyball med folk som frys når eg er kjempeheit.
Sitje på buss ilag med folk som jublar når bussen kjem inn i ein tunnell.
Ta tillitsfallet.
Sitje ilag med folk frå Kenya og ete skive med brunost.
Sitje på eit datarom i Norge og vere den einaste norske.
Møte ein heilt vanleg gut som har blitt utstøytt frå familien sin fordi han er kristen.
Gå på fjelltur ilag med folk som ikkje har vore på eit fjell før.
Lære Thai. Kop kuun, kha, Prem!
Høyre "Open the eyes of my heart, Lord!" på Lao.
Le av Ugandisk vits.
Be ilag med afrikanarar.
Få undervisning på engelsk fordi berre halvparten av studentane kan norsk.

Kva som er bra med Hald:
Eg får bli kjent med folk ifrå heile verda!
Skulen ligg på det herlege sørland.
Alle studentane.
Fisk til middag to gongar i veka.
Herleg miljø.
Nydeleg matsal.
Alle dei ansette.
At skulen ligg 100 meter frå ICA.
Kjempeinteressant undervisning.
Og alt anna!

Her er klassa mi, Team Nettverk.













Morosamt!

Sjå og lær, for dette er musikk, og spesielt stil, på sitt beste!






Eg skal leggje ut seriøse innlegg òg, men måtte berre ha ein litt kjekk og mjuk start. Min seriøsitet begynner NO!