søndag 21. juni 2009

Ny blogg

No har eg laga ein annan blogg, om livet mitt i Noreg:  http://godhelse.blogspot.com/ :)

onsdag 8. april 2009

Så var det slutt..

Idag er ein spesiell dag. Siste dag i Thailand. Forhåpentlegvis ikkje for resten av livet, men i alle fall for denne gong. Eg veit ikkje heilt kvar eg skal gjere av meg. Vi har sagt hadet til dei fleste vi skal seie hadet til, og resten møter vi i kveld når vi skal til nokre misjonærar og feire Skjærtorsdag. Så reiser vi rett derfrå til flyplassen og landar i Noreg om ca eit døgn. Heilt uverkeleg. Desse seks månadane har gått så fort, og det føles nesten som om eg ikkje er skikkeleg begynt før eg må reise heim att. Men eg er utruleg heldig som har fått oppleve dette halvåret her i Thailand! Eg sit att med kjempemange gode minner. Og eg har heldigvis såpass grei hukommelse at eg ikkje kjem til å gløyme dette halvåret med det fyrste ;)





















Gjengen. Mari, eg og Silje. (Silje og Mari likar best Pepsi, og eg likar best 7-up, viss nokon lurer.. )


















Nokre av ungdommane i Immanuel Church som eg kjem til å sakne veldig..

Kva kjem eg til å sakne?

Caramel frappucino
At alt er billig
Umoden mango
milkybar-sjokolade
Tesco lotus
Leiligheten vår
Badebassenget utanfor der vi bur
Kylling med cashewnøtter
Skytrain
Is på Swensens
mopedtaxi

Men mest av alt: folka her!















































































































































































































Heimebesøk

Ein gong i året går arbeidarane på Lovsangshjemmet på besøk heim til borna som går i barnehagen. Dette er for å snakke med foreldra og høyre om dei er fornøgde med tilbodet Lovsangshjemmet gjer, òg for å vise foreldra, og andre, at Lovsangshjemmet bryr seg og viser interesse for borna og deira situasjon. I år fekk Silje, Mari og eg vere med på det. Vi kunne ikkje akkurat snakke så mykje, men vi fekk vere med å sjå korleis borna vi kjenner bur og har det heime hjå seg. Veldig spesielt!


























Denne guten bur her. I lag med 20 (tjue!) andre! Det er eit skur på 2 etasjer.











































































tirsdag 7. april 2009

Siste dag i barnehagen for ALLTID!

Siste dagen på Immanuel Daghjem er over for nesten to veker sidan, men eg har framleis ikkje skjønt det heilt sjølv. Eg vil vel ikkje at det skal vere over..

























































Heile klassa mi, oppstilt til klassebilete.

mandag 6. april 2009

Engelsk-elevane mine!

Eg tenkte eg måtte vise dykk dei herlege engelsk-elevane mine. Ein time i veka har eg undervist engelsk på Lovsangshjemmet for born mellom 8 og 10 år. Det har ikkje komt så mange, men dei som har komt, har vore ivrige. Ein av elevane mine er eigentleg for liten, men har sagt at han var gamal nok, for han ville så gjerne lære engelsk! Motiverande for meg som lærar, i alle fall! Eg har hatt omtrent dei same elevane kvar onsdag. Det har ikkje vore så mange, men sidan det har vore så få, har eg blitt ganske godt kjent med dei, og blitt veldig glade i dei!

Grunnen til at engelsk-undervisning er så viktig her i slummen, er at dei som kan engelsk, har betre moglegheit til å få seg ein godt betalt jobb. Kan ein engelsk, har ein gode sjansar. Difor er engelsk-undervisninga ein ganske viktig del av Lovsangshjemmet.








































































Ein dag skulle dei lære klede på engelsk, og vi leikte ein leik der det var om å gjere å ta på seg det klesplagget eg sa. Ganske morosamt når denne guten fekk både kjole og skjørt!



























Herleg gjeng, som eg kjem til å sakne veldig!

søndag 22. mars 2009

Her kjem eg frå:












































Desse borna kjem herfrå:
















fredag 6. mars 2009

Ein vanleg dag i barnehagen

Her er nokre bilete frå ein vanleg dag i Immanuel Daghjem.



















Noko av det fyrste som skjer er samling for alle klassene, det vil seie tre andre klasser enn mine. Då er det litt synging og flaggheising, og så undervisning, til dømes om at ein ikkje skal leike med vatn når ein pussar tennene, eller slå andre.












































Nesten kvar dag er det fargeleggjing i fargebøker. Då ligg alle borna utover heile golvet, ivrig opptekne med farginga.



















Gode vener.



























Onsdag er utedag, det vil seie 30 minutt på leikeplassen på taket. Her kan dei leike med ulike leikeapparat. Ungane er kjempeglade for å få kunne leike her, på ein trygg leikeplass og ilag med venene sine.



































































Plutseleg vil ALLE leike med det same, og då kan det bli litt styr..






















































Så er det lunsjtid. Borna får mat eit sunt og godt måltid kvar dag, kanskje det einaste skikkelege måltidet for nokon.





















Etter lunsj skal alle sove. Før det er litt kosestund, med høgtlesing frå bok, og bøn. Så legg alle seg til å sove søtt. Og eg går heim frå jobb, med eit smil om munnen. Og det er faktisk ikkje noko eg skriv fordi det høyres fint ut.

fredag 13. februar 2009

Den "farlege" slummen

Forrige helg var vi på tur ilag med to venninner, Aor og Boki, som vi kjenner frå Santitum Church. Vi var på ei øy litt utanfor Bangkok, på marknad, tok båttur oppover ein kanal, smakte heimelaga Thai-dessert, og var litt turistar, rett og slett. På veg heim fortalde vi frå jobben vår i Klong Toey-slummen, kva vi jobba med og korleis det var. Aor og Boki synest det høyres skikkeleg farleg ut, for alle i Thailand trur nemleg at det er farleg å i det heile tatt vere i slummen. Sjølvsagt skal ein ikkje gå der åleine etter at det er mørkt, men no har vi jobba i slummen i tre månader, og har aldri opplevd noko farleg. For å forandre på desse øydeleggjande førestellingane venninnene våre hadde, bestemte vi oss for å ta dei med på ein tur innom slummen. I byrjinga var dei kjempenervøse, men då vi kom inn i slummen, møtte vi med ein gong ein gjeng born vi kjenner frå AA. Det tok ikkje lang tid før Boki og Aor byrja å slappe av, og til og med lyfta på borna, dei òg! Då vi gjekk frå slummen sa dei begge to at dei hadde fått ei heilt nytt bilete av slummen. Boki, som er lærar på ein vidaregåande skule, sa til og med at ho skal fortelje om dette til alle elevane sine!




















To herlege jenter som vi kjenner godt. Ikkje akkurat så veldig skumle..


























Borna i slummen er born som alle andre!

torsdag 5. februar 2009

Glede!

Borna i slummen kan ikkje mykje engelsk. Heldigvis er det ikkje berre stygge ord dei kan:

torsdag 29. januar 2009

Hyen Bangkok not same same

Bangkok: 10 millionar menneske. Eksos. Støy. Varmt. Kaos.

Hyen: 600 menneske. Frisk luft. Natur. Ro.

Eg er ikkje akkurat verdas mest urbane menneske. Etter no å ha hosta i 2 månader, fann eg ut at eg kanskje måtte gjere noko drastisk for å få slutt på det. Så eg begynte med munnbind. Det er mange i Bangkok som brukar det, men det er mest buss-sjåførar, veg-arbeidarar, motorsykkel-taxi-sjåførar, og så meg. Men det går fint.. Og heldigvis hjelper det, det er slutt på hosten. Munnbind = bra!



















Meg på veg til jobb. Kult eller kva? :)

Så viss du er i Bangkok og skal prøve å finne meg, er det berre å sjå etter utlendingen med munnbind. :)

mandag 19. januar 2009

Infield

Infield, altså. Akkurat det eg trengte! Herlege dagar i Laos med HERLEGE folk, avslapping, undervisning, litt action, nydelege fjell, norsk sjokolade, bading i ei grunn elv, frisk luft, grottevandring, fjelltur, elveslengehopping, Bibeltimar på norsk, lovsong om kvelden, tid til å berre vere ilag.. Perfekt!


















Kristin og Cecilie kan vere happy utan happypizza...



















Gjengen på tur



















På FJELLtur, faktisk! :)

























Marianne og Sigrun
























Cecilie og Hanne, Team Mukdahan!

























Fjellet vi skulle opp på...



















Sigrun og meg
























Øystein, over, og Agnar, under: Dei to Hald-lærarane som hadde laga til denne herlege veka!


















































Nesten som å vere i Norge igjen!


Tusen millionar takk for ei fantastisk veke!

torsdag 1. januar 2009

Jula kom visst til Thailand òg!

Sånn, no er faktisk jula over, og det har gått heilt fint! Det har vore nokre herlege dagar, med mykje kos og avslapping. Julafta feira vi hjå Anne-Brit og Arne, ein misjonærfamilie. Dei hadde laga til ei skikkeleg norsk julafta! Stikkord:

  • Kalkun, poteter og waldorf-salat til julemiddag. Eg åt så eg nesten ikkje klarte å bevege meg etterpå.
  • Vi gjekk/vagga (eg, altså)/sprang rundt juletreet.
  • Alle vart fornøgde med julegåvene sine :)
  • Masse mandarin-eting!
  • Fem ungar = mykje action!
  • Herlege folk!

Bilete:
























På julgudstjänst! Då vi kom inn i kyrkja, fekk vi heilt sjokk, for plutseleg gjekk det opp for oss at alle rundt oss skjønte kva vi sa. Ganske uvanleg for oss!


























Thanan, den eine guten til misjonær Anne.




















Anne og familien var saman med oss og feira jul.

























Jenny, Anne-Brit og Arne si datter.




















Chalom var så heldig at han fekk tog til jul.

























Signe var julenisse, og ga gåver til alle som hadde vore snille. Heldigvis hadde alle vore snille :)




















Arne fekk kjøkkenmaskin, så no blir det snart kjøtkaker.

























Gabriel likte heldigvis godt gåva han fekk frå oss.

























Anne-Brit las jule-evangeliet.

Det var altså ein herleg dag og kveld og natt! Tusen, tusen takk til Anne-Brit og Arne, og alle andre som gjorde det til ein så bra kveld, utan noko særleg heimlengsel ;)

tirsdag 23. desember 2008

God jul!



















Okei, så er det jul. Leiligheten er ferdig vaska, eg har sett ein julefilm, og eg har blogga dei 12 innlegga eg ikkje har hatt tid til tidlegare. Silje er på ferie saman med familien som kom på besøk, medan Mari og eg skal feire jul her i Bangkok. Imorgon skal vi vere hjå Anne-Brit og Arne, ein norsk misjonær-familie her og feire norsk julafta, det gler eg meg veldig til! 2.juledag skal vi feire Thai-jul ilag med Anne og mannen hennar! Det blir òg veldig spennande! Utanom det skal eg slappe av. Det blir deilig! Men så gler eg meg til å kome tilbake på jobb òg, om tre veker! :)

Sånn, no er det éin time til 24.desember, og eg har framleis ikkje fått den julestemninga eg skreiv så mykje om. Men så er jo faktisk ikkje det det viktigaste! Jesus vart fødd for oss uansett, og Han lever i dag uansett! Kvifor skal eg då stresse?

Ha ei velsigna jul!

Til badeland med borna!

Rett etter julefesten i kyrkja, var det ny "fest" for borna. Ellen Sofie, ei som var misjonær her for to år sidan, var på besøk, og ville gjere noko kjekt for ungane. Så ho tok med seg mange av borna til badeland. Mari og eg var med som medhjelparar. Dei fleste borna koste seg, men nokon fraus dessverre veldig, og orka ikkje bade. Men uansett verka det som dei hadde hatt ein flott dag!



















Gira!















































































Badeparken låg inne på eit veldig eksklusivt kjøpesenter. Var veldig rart å gå der ilag med born frå slummen. Dei er ikkje akkurat vande til slike juletre..