tirsdag 21. oktober 2008

Tabbe, tabbe!

I Thailand er føtene den minst heilage delen av kroppen. Ein kan ikkje vise fotsålane sine til nokon, det er uhøfleg. Ein skal ikkje trø over noko, det betyr at du «øydelegg» det du trår over. Trår du til dømes over eit fat med mat, må du kaste maten, fordi maten blir så vanhelga. Dette lærte eg før eg kom til Thailand. Likevel klarte eg å gjere ein stor, stor tabbe der. På Home of Grace låg det ein baby på golvet og sov, medan mora sat og passa på han. Eg sat mellom babyen og ein sofa og to personar, og skulle ut av rommet. Den enklaste måten å kome seg ut på var å trå over babyen. Så det gjorde eg. Sekundet etter at eg hadde gjort det, skjønte eg kva eg hadde gjort. Men eg klarte jo ikkje å seie unnskyld eller forklare meg for mora til babyen, for ho kunne ikkje snakke engelsk i det heile tatt, og eg kan ikkje akkurat så mykje thai. Så eg gjorde ingenting. Men eg skal i alle fall ikkje gløyme meg igjen!


Arbeidsplassane våre

For ei stund sidan besøkte vi dei stadane der Silje og eg skal jobbe.
Home of grace er ein heim for unge jenter som er blitt gravide utanfor ekteskap, og er blitt utstøytt av familien sin. Jentene er mellom 14 og 26 år gamle. Vi fekk prate med dei, og dei er jo heilt normale jenter på vår alder, berre at dei har har ein god del meir problem enn oss. Dei fleste kunne snakke litt engelsk, og vi prøvde sjølvsagt litt Thai med dei, men dei berre lo av oss. Kanskje eit lite hint om at vi ikkje var så flinke. Det var utruleg spesielt å snakke med dei, når ein visste at nokre av dei kanskje hadde blitt valdtekne, eller hadde jobba som prostituerte. Likevel sat dei der på golvet og tulla og lo. Dei hadde absolutt god grunn til å gje opp, men dei holdt motet oppe. To av jentene hadde nettopp fødd ungar då vi kom dit, og vi fekk sjå dei. Utruleg rart å sjå dei ungane, og tenkje på at dei kanskje var uønska. Ei av dei som jobba der, fortalte at nokre av jentene valgte å adoptere bort barnet sitt. Når ein kjem til ein slik plass, og møter jener som har det slik, byrjar ein å tenkje på litt av kvart. Desse jentene har ikkje pengar, fordi dei ikkje har jobb, dei har ikkje familie, kanskje heller ikkje vener. I tillegg har dei ein baby inni seg som dei sannsynlegvis ikkje har råd til å ta vare på, og som dei sikkert ikkje hadde planlagt. Dei har det rett og slett ikkje veldig bra. Så kjem eg dit, rett frå hotellet mitt, med masse pengar i lommeboka, mange vener heime, familie som eg er glad i, og som er glad i meg. Eg har faktisk alt eg treng! Og så skal eg jobbe der.. Eg føler nesten at det er fælt å kome dit, når dei veit at eg er rik, og har det så mykje betre enn dei. Likevel tok dei imot oss med glede og venlighet. Det var sterkt!

Home of praise er ein barnehage midt i slummen, under ei stor bru. Borna som går der er frå 1/2 år til 3 år. Borna der var heilt nydelege! Silje og eg skal jobbe der, og eg gler meg allereie! Eg merka at nokre av borna var veldig redde, og hadde vanskeleg for å møte oss nye, og det var kjemperart å tenkje på at det kan vere fordi dei er vant til at folk ikkje behandlar dei bra. Borna kom frå slummen, og i slummen er det veldig vanleg med alkohol- eller rus-problem. Mange av borna har foreldre som mishandlar dei, og ikkje klarar å ta vare på borna. Silje og meg sine oppgåver der blir å vere nokon som borna kan kome til for å få kos og trøst. For det får dei kanskje ikkje heime. Det blir utruleg spennande å jobbe der!

Immanuel Daghjem er ein barnehage for litt eldre born. Borna der er frå 3 til 6 år. På Immanuel Daghem får dei litt undervisning i engelsk, fiolin og forskjellig anna. Denne barnehagen gjer borna klare til å byrje på skulen, så på den måten får borna eit godt grunnlag for å kome seg ut av slummen. Med utdanning har dei med ein gong større sjanse for å klare seg. Eg skal vere barnehageassistent her nokre dagar i veka.





















Omtrent rett utanfor Home of Praise såg vi dette synet: Ein gammal, skrapa bil, med nokre sovande villsvin rundt.


























Ein nydeleg gut på Home of Praise.


























Og ei nydeleg jente på Home of Praise.
























To gravide jenter, og ei nybakt mamma, alle tre omtrent på min alder.


























Eg gler meg veldig til å byrje å jobbe, og kome ut av den ovanfrå og ned-turist-tilverelsen eg føler eg er i no.

torsdag 16. oktober 2008

Hua Hin!

Denne helga var Hanne, Cecilie, Silje og eg i Hua Hin. Ragnhild og Mads, to andre NMS-eittåringar, var der òg. Vi merka at Hua Hin var ganske annleis enn Bangkok. På kjøpesenteret var det fullt av vestlege menn med meir eller mindre lukkelege thai-koner/kjærastar. Vi fann svenske restaurantar, og ein bokhandel som faktisk solgte bøker på engelsk. Og sola skinte faktisk. I Bangkok er det så mykje forureining at ein er heldig om ein ser sola. Men den steiker godt likevel. I Hua Hin var det den same temperaturen, altså mellom 25 og 35. Men sidan sola skinte sterkare, vart eg mildt sagt solbrent. No er det tre dagar sidan vi kom heim frå Hua Hin, og eg er framleis rosa/raud og litt forskjellig. For fyrste gong i mitt liv vart eg solbrent bak øyrene! Kanskje greit at eg ikkje bur i Hua Hin til vanleg, når det går slik berre etter tre dagar der.

Fredag kveld planla vi å sjå soloppgangen morgonen etterpå. Klokka fem om natta ringte vekkarklokka, eller vekkarmobilen, og vi traska passe trøytte til stranda, medan folk på restaurantane ved vegen framleis sat oppe og drakk. Då vi kom til stranda, var det heilt mørkt, og vi såg at det var litt skyer på himmelen, men vi holdt oss positive. Heilt fram til dagslyset kom, og vi framleis ikkje hadde sett eingong eit bittelite glimt av sola. Men vi hadde det kjekt likevel, for vi fekk oppleve og sjå masse! Tidleg kvar morgon går dei buddhistiske munkane rundt og samlar inn almisser. Medan vi sat der på stranda og var litt skuffa, kom det gåande fleire munkar, ein etter ein. Munkane kom i seks-tida, og det blir kanskje ikkje så ofte vi er vakne på den tida. Så no har vi i alle fall fått sjå det.



















"Soloppgangen"





















































Eit svensk skilt utanfor ein svensk restaurant...




Vi tok forresten sjølvsagt massasje i Hua Hin. Det var litt av ei oppleving. Vi vart massert av ein familie! Eit ektepar med nokre søner og døtre på frå ca 10 til 17 år masserte oss. Nokre av oss prøvde Thai-massasje, medan nokre heller prøvde olje-massasje, som faktisk ikkje er vondt. Sjølv om vi spurte om vi kunne få «soft» thai-massasje, var det ikkje akkurat deilig! Altså, dei som masserte oss var flinke, men det var jo vondt! Eg kjem ikkje akkurat til å prøve att med det fyrste..

onsdag 15. oktober 2008

Livet som turist


Foreløbig har vi eigentleg vore turistar. Vi har reist litt rundt omkring og sett ulike ting. Den fyrste laurdagskvelden reiste vi til Khao Sarn Road, ei backpackargate, full av boder som solgte falske merkevarer, morosame t-skjorter, solbriller, piratkopiar av musikk og film, og mykje anna. På veggane var det fullt av salamandarar, men det var berre ein del av sjarmen. Vi såg ein elefant på gata:) Vi møtte òg ein gammal mann som stod midt i gata der og delte ut nokre «brosjyrer». Vi tok imot, for å sjå kva det var for noko. Overskrifta var «Sex show». Eg vart nesten kvalm. Tenk at ein mann kan stå sånn og dele ut reklame for eit slikt show, og at han får lov til det! Mannen stod der berre og smilte, og såg ikkje ut til å ha litt dårleg samvit, eingong. Vi gjekk ikkje på det showet, for å seie det sånn.

På veg til Khao San Road møtte vi vår fyrste pirat (taxi-pirat). Regelen for taxi-betaling her er startpris på 35 Baht (6 NOK), og 2 Baht for kvart andre minutt. Altså er det ekstremt billig. For 10 minutt med taxi betalar ein kanskje 50 Baht, det vil seie ca 10 NOK. Men altså, denne kvelden var ein laurdagskveld, og mange folk var ute. Vi fann ein taxi som såg heilt normal ut, og satte oss inn. Sjåføren sa at vi måtte betale 300 Baht, for det var VELDIG langt dit vi skulle. Vi tenkte « Jaja, kanskje det er helge- og/eller kveldstakst, så vi betalte så mykje som han sa. Den «lange» turen varte i ca 15 minutt. Altså krevde han 5 gongar så mykje betaling som ein vanleg taxi-sjåfør. Slik kan det gå. Sjåføren var forresten hyggjeleg og grei, så alt gjekk bra. :)

Dei fyrste 10 dagane her i Bangkok budde Silje og eg ilag med Hanne og Cecilie på eit hotell. No har Silje og eg flytta inn der vi skal bu resten av tida, i ein leilighet, saman med ein av NMS sine eittåringar i Bangkok, Mari. Leiligheten er veldig fin, og vi skal nok klare å bu her :)

Thailand, ja...

Så var eg plutseleg i Thailand. Det går berre ikkje skikkeleg opp for meg! No har eg faktisk vore her i nesten to veker, og det følest som om vi har vore her mykje lenger enn det, men likevel er eg framleis i turistmodus.Vi går rundt i gatene og glor. Alt er så nytt og spennande, og sjølv om mykje er litt som i Noreg, er det likevel veldig annleis. Folk er heilt annleis, trafikken er heilt annleis, miljøet er heilt annleis, maten er heilt annleis, standarden på ting er heilt annleis, og temperaturen er i alle fall heilt annleis! Så sjølv om vi kan gå på KFC (Kentucky Fried Chicken) når vi vil, og kan kjøpe amerikanske filmar på MBK, marknads-kjøpesenteret her, er det så absolutt ikkje Vesten vi er i no. Og eg merkar at eg likar meg her! Det er mange inntrykk, og ekstremt mange folk. I Bangkok bur det ca 10 millionar menneske, og det er jo litt meir enn eg er vant til. Eg har framleis både dårleg retningssans, hukommelse, og er framleis den minst urbane som fins. I går skulle eg kome meg heim frå sky-train-haldeplassen til leiligheten åleine, og eg tenkte sjølvsagt at det kunne jo ikkje gå gale. Men gjett kven som gjekk fram og tilbake i ein halvtime, og til slutt måtte få nokon til å fylgje meg på vegen? Jepp.. Men idag klarte vi oss fint. Så det kan gå bra! :)