fredag 13. februar 2009

Den "farlege" slummen

Forrige helg var vi på tur ilag med to venninner, Aor og Boki, som vi kjenner frå Santitum Church. Vi var på ei øy litt utanfor Bangkok, på marknad, tok båttur oppover ein kanal, smakte heimelaga Thai-dessert, og var litt turistar, rett og slett. På veg heim fortalde vi frå jobben vår i Klong Toey-slummen, kva vi jobba med og korleis det var. Aor og Boki synest det høyres skikkeleg farleg ut, for alle i Thailand trur nemleg at det er farleg å i det heile tatt vere i slummen. Sjølvsagt skal ein ikkje gå der åleine etter at det er mørkt, men no har vi jobba i slummen i tre månader, og har aldri opplevd noko farleg. For å forandre på desse øydeleggjande førestellingane venninnene våre hadde, bestemte vi oss for å ta dei med på ein tur innom slummen. I byrjinga var dei kjempenervøse, men då vi kom inn i slummen, møtte vi med ein gong ein gjeng born vi kjenner frå AA. Det tok ikkje lang tid før Boki og Aor byrja å slappe av, og til og med lyfta på borna, dei òg! Då vi gjekk frå slummen sa dei begge to at dei hadde fått ei heilt nytt bilete av slummen. Boki, som er lærar på ein vidaregåande skule, sa til og med at ho skal fortelje om dette til alle elevane sine!




















To herlege jenter som vi kjenner godt. Ikkje akkurat så veldig skumle..


























Borna i slummen er born som alle andre!

3 kommentarer:

Liv Astrid sa...

Saa fine bilder! Vi har ogsaa opplevd at kenyanere flest er redde for aa gaa i slummen. Heldigvis toer noen av dem aa ta turen inn.

..

Snart er du i Norge igjen, hvordan foeles det?

Klem

Else Karin sa...

Å, milliona takk for kommentar! :)

off, d føles kjemperart å berre ha en måned igjen! grua meg veldi og gleda meg veldi! men eg ska klare d :)

no ska eg inn og lese ditt nye blogginnlegg :)

Anne Brit og Arne sa...

Så bra! De er gode ambassadørar for viktig arbeid!