torsdag 29. januar 2009

Hyen Bangkok not same same

Bangkok: 10 millionar menneske. Eksos. Støy. Varmt. Kaos.

Hyen: 600 menneske. Frisk luft. Natur. Ro.

Eg er ikkje akkurat verdas mest urbane menneske. Etter no å ha hosta i 2 månader, fann eg ut at eg kanskje måtte gjere noko drastisk for å få slutt på det. Så eg begynte med munnbind. Det er mange i Bangkok som brukar det, men det er mest buss-sjåførar, veg-arbeidarar, motorsykkel-taxi-sjåførar, og så meg. Men det går fint.. Og heldigvis hjelper det, det er slutt på hosten. Munnbind = bra!



















Meg på veg til jobb. Kult eller kva? :)

Så viss du er i Bangkok og skal prøve å finne meg, er det berre å sjå etter utlendingen med munnbind. :)

6 kommentarer:

Hanne sa...

For en lykke Else! Endelig:)

Agnar Aasland sa...

Sååå bra!!

Eirik A jobber sa...

Høres bra ut Else. På tide! :D:D

Silje Marie sa...

Geng,geng,geng,geng,geng,geng,geng!!!!

Anonym sa...

so søt du e, Else... likte bilde veldi godt, og d e so deg når du skrive sant:) Reidun

LinnSilje* sa...

Ae syns du kler munnbind! du burd bruk det meir;)