onsdag 5. november 2008

Ein spesiell tur på stranda

For meg som har budd heile livet rett ved sjøen, er ein badetur noko ganske normalt. For borna i Klongtoey-slummen er det ikkje akkurat det. Tysdag for to veker sidan fekk Hanne, Cecilie, Silje og eg vere med borna frå ettermiddagsaktivitetane på stranda. For nokre av borna var det fyrste gong i sitt liv at dei var ved sjøen. Då vi etter ein lang busstur, kom fram til stranda, såg eg at mange av borna vart heilt fascinerte, og berre ville springe ut og kjenne på bylgjene med ein gong. Men "dessverre" hadde presten som leia turen planlagt nokre leikar på land før badinga kunne starte. Etter litt sugerørblåsing og andre leikar, fekk borna bade. Vi bada ilag med dei, og det var morosamt å sjå kor stor glede dei hadde av det! Då vi var ferdige etter ca 2 timar, var det nokre av borna som begynte å gråte, dei ville ikkje reise derfrå. Kven veit om dei får prøve det igjen nokon gong?

Noko av det eg hugsar best frå turen, var eit smil ein gut ga meg på veg heim att. Han sat i eit bussete åleine, i altfor små klede, med ein jordbæryoughurt i handa, noko han garantert aldri får heime, og plutseleg smilte han til meg, eit ekte, godt og lukkeleg smil! Eg vart heilt rørt.

























































































































På veg heim: Sjølv om eg ikkje er tankelesar, tippar eg at denne guten vil tilbake til sjøen. Han var kjempelei seg då vi skulle reise.

2 kommentarer:

Solveig og Martine sa...

Så gøy å se Else! Er det varmt der nede? Det er en her oppe som skal nesten til Thailand nå, foreslo at jeg kunne bli med, men det gikk visst ikke... Kos deg!!s

Else Karin sa...

Hehe, ja, eg svetta heile tida, liksom.. æsj, no høyres eg veldi ekkel ut, men d e heldivis ikkje berre eg som e ekkel.. søren at du ikkje kan komme då ;) jaja, du kan heller komme te meg i drømme.. jada, eg ska prøve å kose meg! ;)