onsdag 5. november 2008

Impuls 17.-19.oktober

Jada, Thailand har det meste, no til og med ein norsk, kristen festival! Eit Impuls-team kom til Mukdahan, ein by i nordaust-Thailand, for å lage til leir for thailandsk ungdom. Ca 250 ungdomar kom, og det vart ei kjempeoppleving!

Vi var med på leiren for å ha ansvar for leiarkafèen, i tillegg til at Cecilie song (med Kristian på gitar) ein nydeleg song: "Do they see Jesus in me?" (Eg hadde songen på hjerna ca ei veke etterpå.)

Eg fekk òg smakt den sterkaste maten eg nokongong har smakt! Vi fekk servert gryterett og ris, og det var veldig godt. Men så hadde eg plutseleg svelgt ein chili, som eg trudde var paprika. Då var det berre å få i seg alt vatnet eg kunne finne, og likevel brann halsen i eit kvarter etterpå.

Det som eg synest var noko av det kjekkaste heile helga, var aktivitetane på laurdagen. Eigentleg var dei meint berre for deltakarane, men eg tenkte at det kunne vere ei fin anledning til å bli litt kjent med ungdommane, så eg fekk med meg Silje. Vi hoppa inn på den allereie stappfulle bussen. Eg måtte sitje heilt fremst, tett inntil buss-sjåføren, medan heldige Silje fekk sitje ilag med litt yngre folk lenger bak. Då vi kom fram, vart vi delte inn i lag, og Silje og eg fekk vere på lag med ei som kunne engelsk, slik at ho kunne oversetje til oss. Aktivitetane var å leite etter egg som var gravde ned i elva, mimeleiken, hugse Bibelvers, og å sminke kvarandre med bind for augene, og mange fleire. Kjempemorosamt å vere med på! Sjølv om vi ofte sat og lurte på kva vi eigentleg skulle gjere. Jaja, slik er det å vere utlending..

Eg merka kor dumt det er å ikkje kunne thai her, når nesten ingen kan engelsk. Det einaste vi kunne på thai på Impuls var: "Kva heiter du?", og utanom det kunne vi imponere med: "Kor mange viskelær har du heime?" Det vart ikkje så mange samtaler på thai, for å seie det sånn. Vi vart litt kjent med ei ung dame som var språklærar i Mudahan, og kunne engelsk. Seinare den kvelden vart ho frelst. Er ikkje sånt fantastisk?! Ho hadde vore søkande ganske lenge, og på Impuls skjedde det. Det er så stort å oppleve sånt! Det var 24 ungdomar til som vart frelst, heilt fantastisk! Gud er stor, det fekk vi erfare på Impuls!



























Vi fekk til og med litt Afrika-følelse, med denne "bygningen" utanfor gymsalen der vi var.






















Nesten heilt som på leir i Norge..






















Det vart livat av og til...




















Songane vart både sunge og teksta på både thai og engelsk.

1 kommentar:

Silje Marie sa...

Jeg vil leke mer, det var gøy:) du skriver bra Else:)