lørdag 22. november 2008

Å, glede!

Eg brukar ikkje vanlegvis det uttrykket, men det passa så godt akkurat her.
For eg har nemleg begynt å like ein ting eg aldri trudde eg kom til å like: å vere lærar!

Ein av grunnane til at eg ville til Thailand med Hald, og ikkje til noko anna land, var at eg trudde at her slapp eg å vere lærar meir enn ein time i veka. Då det plutseleg viste seg at eg skulle vere engelsk-lærar fire timar i veka, fekk eg litt sjokk, og var ikkje akkurat så veldig klar for det.

Men så kom dagen, då, då eg skulle begynne min lærar-karriere. Eg skulle ha ei klasse på ungar mellom 8 og 10 år. Inn i klasserommet kom det fire gutar. Alle fire var som alle andre gutar på den aldren, ville heller rope og leike enn å sitje i ro og svare fint. Eg begynte enkelt, med å lære dei tal og fargar. Dei ropte i vei: «blue!!!», «nine!!!», «green!!!», «two!!!» og så vidare. Etter timen var eg eigentleg litt letta over at den var ferdig.

Men seinare på ettermiddagen skjedde det store. Silje fortalte meg at den eine eleven eg hadde hatt, hadde peika på noko blått i fellesrommet, og sagt «blue». DÅ skjedde det. Akkurat då skjønte eg at eg faktisk gjorde noko som kunne vere til hjelp. Å sitje på eit lite rom og halde opp raude, rosa og gule lappar kjentes ikkje akkurat som verdas viktigaste jobb. Men det hjelper jo! Dei som kan engelsk, kan mykje lettare få seg jobb i Thailand, og difor er det viktig for dei i slummen å lære seg engelsk. Det som Silje og eg gjer nokre timar i veka, kan faktisk vere med på å hjelpe nokon ut av slummen! Og det er motivasjon nok for meg!

3 kommentarer:

Randi Anette sa...

Hehe.

Anonym sa...

Det er så inspirerande og interessant å høyre det du fortel.
Og så flott å høyre at du trivst.
Gud velsigne deg. Hels dei andre frå meg.Mamma.

Sister Sister sa...

Hei! Så gøy at du trives i lærerrollen=)=) Jeg blei glad av å lese det du skreiv her! Er så kult at du kan komme fra Norge og gjøre noe for de i Thailand og få så mye ut av det selv også!! Klem