lørdag 29. november 2008

Bryllaup!

Det er laurdag kveld. Eg sit i leiligheten. Framfor dataen. Klokka er snart ni, og eg sit her og skal fortelje om bryllaupet eg har vore i i kveld. Det høyres kanskje litt rart ut at eg allereie er komen heim, synest du kanskje. Eg var ikkje sjuk, ingenting gale skjedde, bryllaupet var veldig kjekt, vi hadde folk å vere ilag med, alt var berre fint. Likevel gjekk vi altså heim klokka åtte. No skal eg fortelje historia om bryllaupet til kirsebærpaien.

Eg kan kanskje fyrst fortelje kven det var som gifta seg. Då vi var på Impuls i Mukdahan for ein månad sidan, kom vi i snakk med ei jente som hadde vore Hald-student tidlegare. Jenta heitte Cherry. Vi snakka med henne i ca 15 minutt, og plutseleg var vi inviterte i bryllaupet hennar. 29.november skulle ho nemleg gifte seg med Pae. Cherry + Pae = Cherry Pie (viss ein uttalar Pae "pai", sjølv om det ikkje eigentleg er slik ein skal uttale det) Altså, Cherry og Pae, kirsebærpai. Bra match!

Silje og eg tok på oss kjole, og gjekk den fem minutts lange turen til ELCT. Fyrst var det sjølvsagt viing i kyrkja der. Vi skjønte ikkje så mykje av preika, for den var jo på Thai, naturlegvis. Men Anne Brit, misjonær, tolka til oss, og den handla om at det er viktig i eit ekteskap å kunne be om tilgjeving. Eg tenkte "Ja, det er jo viktig!" Men her i Thailand er det meir enn berre viktig. Mannen er på ein måte "over" kvinna, så det er nedverdigande for ein mann å be kona si om tilgjeving. Difor er det veldig flott at ein prest kan seie at, ja, det skadar ikkje.

Etter viinga var det sjølvsagt fotosession. Så var det litt trommeslåing og roping, medan brudeparet gjekk bort til staden der maten var. Då var mange av gjestane allereie begynt å forsyne seg for andre gong. Vi fann oss nokre kjentfolk, og satte oss ned med dei og åt. Medan vi åt, var det heile tida underhaldning frå scena; song, dans, taler og liknandde. Då vi var ferdige å ete, vart vi sitjande og prate, og fylgje med på det som skjedde på scena. Eg hadde lagt merke til at det heile tida var blitt fleire og fleire tome bord, men eg tenkte at folk berre bevegde seg litt rundt om på området i staden for å sitje i ro heile tida. Då klokka var sju merka eg at folk faktisk reiste heim att. Då var nemleg halvparten av borda tome, og ryddemannskapet var begynt å rydde opp. Vi drygde ei stund til, men klokka åtte var det berre dei nærmaste venene og familien igjen, og brudeparet, sjølvsagt, så då skjønte vi at det var på tide å reise, sidan vi ikkje akkurat var av dei nærmaste til brudeparet.

Sjølv om vi reiste heim så tidleg, var det altså eit veldig kjekt bryllaup! Vi fekk møtt ein del folk vi ikkje har sett på lenge, og det var veldig kjekt! Og vi fekk sjå vår ven Ink frå Hald, på video frå Noreg. Med hue på hovudet og Thailandsk flagg i bakgrunnen.

Her kjem nokre bilete:




















Her var det fest!

























Det nydelege paret!




















Her er det litt Afrika-stemning, med roping og bongo-tromming for brudeparet.





























Silje og Mon, to herlege jenter :)

























Silje og meg, to fornøgde jenter!

1 kommentar:

Anne Brit og Arne sa...

kjekt å finna bloggen din!

Så morsomt å leste om thai-bryllup sett frå norske auge!