lørdag 20. desember 2008

Jakten på julestemningen

For circa tre veker sidan, merka Silje, Mari og eg at det snart var jul. Men vi mangla den gode adventskjensla. Så vi bestemte oss for å gjere alt som gjekk an for å få julestemning. Desse tre siste vekene har vi brukt mesteparten av fritida vår på å finne julestemninga. Vi har høyrt på norsk julemusikk, hatt adventsbesøk, kjøpt oss julestjerneblomst, pynta stova med julepynt, vore på fire julefestar, tent adventslys, hatt adventskalendar, gått med raude juleskjorter, sunge julesongar på både norsk, engelsk og Thai, gått med nissehue, hatt appelsin med nellikspiker, og til og med fått oss eit skikkeleg juletre! Altså, det er ikkje akkurat ekte norsk gran, men det er i alle fall eit godt, falsk, thai butikk-tre. Og det har vi pynta med alt vi fann vi kunne bruke til å pynte, eigentleg. Her er nokre bilete frå alle anstrengelsane våre:


























Her er det fyrste juletreet vårt. Mari hadde laga det, men så kom Silje og eg med eit som faktisk var litt meir jule-tre-aktig, så no har vi to juletre. Under juletreet ligg adventskalendaren vår.




























Eg på veg heim frå "skogen" (kontoret til Joke) med juletreet.

























Vår store stolthet. Vi fekk det frå Joke, kontaktpersonen vår. Han hadde ikkje behov for det sjølv, så då fekk vi det. Snakk om å vere snill!


























Her er Silje i den raude juleskjorta vi går med nesten heile tida no, og ein nydeleg gut frå Home of Praise.

























Julestjerna vår! Den er snart død, fordi ingen av oss veit nokonting om blomster og sånt. Men vi satsar på at den klarar seg ei lita stund til.




















Her er Silje, Mari, meg, og Mona, venninna til Mari. Ho var på besøk her ei stund. Og det var kjekt! Herleg jente!

Kjem ikkje julestemninga snart no, er det i alle fall ikkje vår feil!

1 kommentar:

Mari sa...

Flotte ungdommer i flotte waterford.
kode jeg må skrive: 'trehaffi'

God jul