fredag 19. desember 2008

På leir med Santitum Church!

Allereie før vi kom til Thailand, hadde Silje og eg bestemt oss for å "melde oss inn i" Santitum Church. Det er kyrkja til Prem, Hald-student, og ho hadde fortalt mykje bra om den. I slutten av november var vi på Gudsteneste der, og det var verkeleg ein herleg plass å vere! Då vi kom, vart vi kjempegodt mottekne, og vi fekk møte systera til Prem. Dei fortalde at dei skulle på leir helga etterpå, og spurte om vi ville vere med. Sjølvsagt ville vi det, og fem dagar etterpå var vi på veg sørover til Kyrkja i Thailand sin leirstad. Det vart ei herleg helg! Bra møter, mykje song, fantastiske folk (dei fleste kunne til og med engelsk!), og myyyyykje leiking!




















Her er Silje, eg, systera til Prem og ei anna vi vart kjent med.


























Her er ein av aktivitetane vi hadde laurdagen. Vi skulle krype gjennom denne gjørme-greia, medan leiarane kasta vatn på oss. Veldig morosamt!

























Ei herleg dame vi vart kjent med!




















Lovsong på møte. Ho dama til venstre, på circa 60 år, dansa litt rundt omkring...



















Her er nokre av oss siste kvelden. Herleg gjeng å vere på leir med!

























Siste dagen var det SEKS stk som døypte seg! Det var skikkeleg stort å vere med på!

Ingen kommentarer: