mandag 22. desember 2008

Overraskelse!

No har Silje og eg jobba på Home of Grace til saman seks måndagar. På den tida vi har vore der, har det skjedd ein del. Mange av jentene har fått babyane sine, og alle fødslane har gått bra. Dessverre har tre av jentene valgt å adoptere bort bornet sitt. Nokon har gjort det frivillig, nokon har gjort det fordi dei ikkje har hatt noko val. To av jentene har born frå før av, og den eine av dei fortalde at foreldrene hadde tvinga henne til å velje mellom å behalde denne babyen, eller bornet ho har frå før av. Slikt er sterkt å høyre! Det er mange triste historier på Home of Grace, men det har òg skjedd mange gode ting der! Forrige måndag fortalte plutseleg Anja, ein finsk misjonær som jobbar der, at dei tre jentene som var att på Home of Grace, hadde døypt seg dagen før! Silje og eg hadde ikkje visst om dette i det heile tatt, så dette lyste jo opp heile dagen vår! Alle jentene hadde vore buddhistar før, men etter tida på Home of Grace var dei blitt frelst. Kvar dag er det to andakts-stunder, og dette har visst gjort inntrykk på jentene. Utruleg stort for meg å få oppleve dette!

























Ein av dei verkeleg "store" utfordringane vi møter, er å låse dørene om kvelden. Av og til fungerar nøklane, av og til ikkje. Eller så er vi berre veldig dårlege med sånt..

























Silje og eg måtte hjelpe til med å pynte juletreet, sidan vi var dei einaste høge der.





















































1 kommentar:

Mari sa...

Flotte babyer.
kode jeg må skrive: Ousac