mandag 22. desember 2008

Julefest på Home of Grace

Fredag kveld for ei og ei halv veke sidan var det julefest på Home of Grace. Her er bilete:




















Fyrst var det program. Jentene skulle fram og synge, og ville ha hjelp av oss. Vi trudde vi skulle synge dei engelske songane vi hadde lært dei, "Jingle bells" og "We wish you a merry Christmas", men endte opp med å stå på scena og syngje/mime Thai-julesong.


























Ein japansk misjonær hadde andakt. Etter møtet kom han bort til oss og sa "Jeg tror ikke jeg har hilst på dere!" Altså, på norsk! Vi fekk heilt sjokk, og begynte berre å le. Når vi klarte å snakke att, fortalte han at han hadde gått på Bibelskulen i Grimstad, same skulen som eg gjekk på ifjor! For 22 år sidan! Han snakka framleis norsk flytande. Veldig overraskande, og utruleg morosamt!



















Etter festen var det gåveutdeling mellom oss som jobbar der og jentene. Alle hadde kjøpt inn ei gåve til ca 100 Baht, og så trakk vi. Var veldig kjekt for jentene! Og for oss!




















Alle arbeidarane ilag med både dei jentene som er der no, og nokon som var der tidlegare. (Og Mari :)

2 kommentarer:

Cecilie sa...

Så gøy å høre at dere har det bra!!
Gøy å se jentene igjen! Kos dere masse i jula, så snakkes vi om noen dager :)

Mari sa...

flott sang på denne avsluttninga. Jeg må skrive en kode for å publisere dette, koden jeg må skrive nå er: 'aphnekat'
kult