Fredag kveld planla vi å sjå soloppgangen morgonen etterpå. Klokka fem om natta ringte vekkarklokka, eller vekkarmobilen, og vi traska passe trøytte til stranda, medan folk på restaurantane ved vegen framleis sat oppe og drakk. Då vi kom til stranda, var det heilt mørkt, og vi såg at det var litt skyer på himmelen, men vi holdt oss positive. Heilt fram til dagslyset kom, og vi framleis ikkje hadde sett eingong eit bittelite glimt av sola. Men vi hadde det kjekt likevel, for vi fekk oppleve og sjå masse! Tidleg kvar morgon går dei buddhistiske munkane rundt og samlar inn almisser. Medan vi sat der på stranda og var litt skuffa, kom det gåande fleire munkar, ein etter ein. Munkane kom i seks-tida, og det blir kanskje ikkje så ofte vi er vakne på den tida. Så no har vi i alle fall fått sjå det.
Vi tok forresten sjølvsagt massasje i Hua Hin. Det var litt av ei oppleving. Vi vart massert av ein familie! Eit ektepar med nokre søner og døtre på frå ca 10 til 17 år masserte oss. Nokre av oss prøvde Thai-massasje, medan nokre heller prøvde olje-massasje, som faktisk ikkje er vondt. Sjølv om vi spurte om vi kunne få «soft» thai-massasje, var det ikkje akkurat deilig! Altså, dei som masserte oss var flinke, men det var jo vondt! Eg kjem ikkje akkurat til å prøve att med det fyrste..
2 kommentarer:
Hohoi!
Å! SÅ morsomt å lese, tenk at du er der! Håper du trives! Du må passe deg for elefantene. Hvor mye koster en massaje? Jeg er på BiG, og nå driver de og synger sangene vi sang i fjor... Kos deg masse Else!
hehe, eg tippa du e Martine, e d rett? en time me thai-massasje kosta ca 50 kr :) og olje-massasje kosta kanske 70 kr, og d trur eg e litt deiligare.. alt e so billi her at d e sjukt! og eg kosa meg skikkeli! so d må du òg gjere! :)
Legg inn en kommentar